Siste nytt

Oppdatert poengstilling etter Saudehornet Opp

Øystein Sylta og Kirsten Marathon Melkevik vann Saudehornet Opp i Ørsta 3.august

Dette er stillinga etter 6 av 7 løp i NECON motbakkecup 2013. Komplett oppdatert poengstilling i NECON motbakkecup finn du her.

Damer
1. Kirsten Marathon Melkevik IL Gular 580p
2. Merete Weng IL i BUL 505p
3. May Bente Weng IL i BUL 490p
Menn
1. Torstein Tengsareid Egersund IK 550p
2. Johan Bugge Eidsvåg IL 420p
2. Stian Hovind-Angermund Varegg 420p

 

 

 

 

 

Det er poenga frå dei 6 beste av dei totalt 7 løpa som tel når poenga skal summerast. Både Kirsten Marathon Melkevik og Torstein Tengsareid har derfor sikra seg sigeren i NECON motbakkecup 2013. Vi gratulerer!

Imidlertid er ingenting avgjort når det gjeld 2. og 3.plass, verken for menn eller damer framfor avslutningsløpet Nuten Opp i Rosendal 11.august.

Både Merete og May Bente Weng har vore med i alle løpa og har begge eitt resultat på 75 poeng som svakaste resultat. May Bente har også slått Merete dei siste to løpa, men for å ta att 15 poeng må det vere to jenter mellom dei på resultatlista, dersom May Bente ikkje skulle vinne. I juniorklassa er det Heidi Weng som leiar (200p) men her er det fleire som kan vinne.

Blant mennene er det heilt likt mellom Johan Bugge og Stian Hovin-Angermund på 420 poeng. Begge har stått over kvart sitt løp hittil, så her vil den første av dei to opp Nuten i Rosendal stikke av med 2.plassen i NECON motbakkecup. Johan Bugge er også junior og har for lengst vunne juniorklassa.

Følg med i Nuten Opp søndag 11.august!

Publisert 6. august 2013 - sist oppdatert 7. august 2013
Design og utvikling av Nikolas van Etten 2015 © Motbakkeløpsutvalget - Norsk Friidrett