Siste nytt

Dei 6 løpa i ILDNE motbakkecup 2015 er no tildelt

Motbakkeløpsutvalet har no valt ut dei seks løpa i Ildne Motbakkecup 2015

Dei utvalgte løpa er:

30.mai Skuggenatten Opp (NM) 4,3 km 456 m / 10,6 % IL Treungen Treungen, Telemark
13.juni Hovlandsnuten Opp 5,9 km 910 m / 15,4 % Sauda IL Sauda, Rogaland
20.juni Gullfjellet Opp 8 km 987m / 12,3 % IL Fri Bergen, Hordaland
11.juli Hestanipen Opp 3,5 km 509 m / 14,5 % Vindafjord IL Vikedal, Rogaland
1.august Storsylen Opp 11 km 1000m / 9,1% Tydal IL ski Tydal, Sør-Trøndelag
29.august Førde Opp 3,9 km 704 m / 17,9 % Førde IL Førde, Sogn og Fjordane

Cupen startar altså med NM i motbakkeløp i Treungen, Telemark.

Bortsett i frå at du i 2015 må delta i minst tre av løpa for å få pengepremiar, er poenggjevinga og premiar som før.

Samtidig har motbakkekcupen fått ny sponsor. Ildne er eit konsulentselskap som leverar tekniske og prosjektadministrative ressurser til norske og internasjonale prosjekt, hovedsakeleg innan olje- og gassindustrien, bygg og anlegg, fornybar energi, marin og anna landbasert industri.

Vi ser fram til å ha Ildne med på laget!

Publisert 19. februar 2015 - sist oppdatert 26. mai 2015
Design og utvikling av Nikolas van Etten 2015 © Motbakkeløpsutvalget - Norsk Friidrett