Etter eit snødekt siste parti av løypa opp til Gullfjellet var
det to nye vinnarar i det tredje løpet av Ildne motbakkecup 2015.
Stian Hovind-Angermund (Varegg Fleridrett) og Eli Anne Dvergsdal
(Gular IL) vann på hhv. 45.37 og 55.24 på den ca 8 km lange
løypa.
Dette var Stian sitt første løp i Ildne Motbakkecup i år. Sidan
leiaren av cupen etter 2.løp ikkje deltok i Gullfjellet Opp, er det
no Torstein Tengsareid (Egersunds IK) og Stian Øvergaard Aarvik
(Gneist) som leiar cupen, begge med 260 poeng. Daniel Instanes har
3.plassen med 205 poeng.
På kvinnesida er det nettopp Eli Anne Dvergsdal som leiar cupen
med 280 poeng. Heidi Weng (IL i BUL), som ikkje deltok i
Gullfjellet, har 200 poeng etter å ha vunne dei to første løpa i
cupen. På 3.plass følgjer junioren Ingvild Sangesland (Vindbjart
IL) med 175 poeng.
Sjå fullstendig poengoversikt etter tre løp
her
Ildne motbakkecup held fram med Hestanipa Opp
i Vikedal (Rogaland) den 11.juli.