Med sigeren i Storsylen Opp og 100 nye poeng i
norgescupen, tok Torstein Tengsareid (Egersunds IK) også
sigeren i Ildne Motbakkecup 2015 med 460 poeng. Vi
gratulerer!
Total poengstillinga bereknast etter dei 5 beste resultata i dei
seks løpa i Ildne Motbakkecup. Tengsareid har deltatt i 5 av 5 løp
så langt og kan med ein 1. eller 2.plass i Førde Opp 29.august auke
poengsummen ytterligare.
På 2.plass i cupen følgjer Stian Øvergaard Aarvik (Gneist) med
260 poeng og Ronny Børsheim (Bergen Løpeklubb) 225 poeng. Erling
Hisdal følgje rett bak med 215 poeng, så resten av pallen i Ildne
motbakkecup vert avgjort i Førde.
Sjølv om Therese Johaug vann Storsylen Opp med god margin, var
det Eli Anne Dvergsdal som fekk 100 nye poeng i cupen på
kvinnesida. Med sine 380 poeng har ho dermed ein komfortabel
ledelse til Anita Iversen Lilleskare (320 poeng) og Ingvild
Sangesland (250 poeng).
Sjå alle resultata frå Storsylen Opp.
Poengstillinga i Ildne Motbakkecup etter 5 av 6
løp